Min første blog
Ein skal ikkje kimse av eit godt tullebilde!
No skal det seiast at eg aldri har skreve blog før. Ikkje fekk eg 6’ar i norsk på vidaregåande, og ikkje har eg ein forfattarspire i magen. Men no er eg 40 år, og det er på tide å sleppe hemningane. Det er på tide å vere seg sjølv 100%, også når det gjeld blogskriving. Så då startar eg med eitt av favorittemna mine når det gjeld familiefotografering - tullebilde!
Det er ofte mykje stress involvert når ein familie skal til fotograf. Klede skal velgast ut, naser skal vaskast, hår skal børstast. Men når alt dette er gjort, og kanskje ein har fått det eine bilete der alle smiler og ser i kamera, då er det på tide å sleppe seg litt laus og la borna få ei god oppleving. Born diggar å flire, lage grimasje, og fjase. Og dette kan det bli fantastiske minner av! Kanskje ikkje som eit 1x2 meter print i ramme på stova, men kva med eit lite bilete i A4 storleik i gangen? Eg veit at mine to gutar på 3 og 5 år hadde vist nye gjestar tullebilete i gangen som det var det viktigaste og artigaste i heile verda.
Ingen familiar er like, men kanskje det kan vere noko å vurdere?
Ta gjerne kontakt med meg dersom du vil ha bilete av din familie (både tullebilete og normale)