Tek eg berre svart/kvitt-bilder?
Tidlaust, klassisk og elegant
Det er kanskje nokre som kjem inn på nettsida mi som tenker at eg utelukkande driv med svart/kvitt-fotografering. Det er forsåvidt temmelig forståeleg at ein gjer. 90% av bilda eg promoterer er i svart/kvitt, og det er ein god grunn til det.
Eg elskar svart/kvitt
Det er noko heilt spesielt med portretter/familiebilder i svart/kvitt. Det er noko tidlaust og elegant over det. Ofte er eitt mulig problem med fargebilder at dei kan daterast fort. Kanskje ikkje eit problem her i dag, men om 10-20 år vert slike bilder ofte satt i bås mykje pga kleval, fargar osv. Med svart/kvitt forsvinn det elementet nesten heilt og ein har mykje større fokus på andleta til dei avbilda. Det er ingenting som slår eit stort print på veggen av heile familien i svart/kvitt - i mine auge.
Men sjølvsagt får du fargebilder også
Min prosess er at eg leverer både svart/kvitt og farge av alle bilda som havnar i galleriet. Dette gjer eg fordi eg både vil vise kor fine svart/kvitt-bilda er, men også for at det skal vere opp til deg som kunde kva versjon av bilda du likar best.
Ynskjer du nyfødd- eller familiefotografering? Klikk her og skriv til meg