Kva om barnet slår seg vrang under fotografering?
Det er viktig at barn får lov å vere barn
Som småbarnsfar veit eg at det er kort veg frå sprudlande humør til ein tverr unge som nektar å smile eller vere med på noko av det vi voksne tenker. Det er ikkje godt å vite kvifor det skjer og det er ikkje alltid like lett å vite kva som skal til for å få barne på “rett” spor att heller.
Eg håpar mitt studio vert assosiert med god stemning
Nokre triks har eg opparbeidd meg for slike situasjonar, men det kan vere eit godt tips for foreldra å ta med noko som dei veit brukar å fungere - om det skulle skjære seg heilt. Det er i alle fall viktig å ta seg tid til å la barnet få uttrykke seg og kanskje gjennom det få opna litt opp. Men av eigen erfaring veit eg at av og til er det rett og slett ingenting som fungerer.
Kostnadsfri ombooking
Skulle det ende med at vi rett og slett ikkje får eitt einaste foto av barnet og må kaste inn handkledet, så gjer vi det så enkelt at vi bookar ein ny dato og gjer eit nytt forsøk. Det er i alle fall viktig at opplevinga i studio ikkje vert negativ for barnet - det kan øydelegge for mange framtidige fotograferingar. I mitt hovud er dette rett og slett noko som kan skje og ein må akseptere at då må ein finne andre løysingar. Det er i alle fall ikkje noko du som foresatt skal stresse over.
Ynskjer du nyfødd- eller familiefotografering? Klikk her og skriv til meg