Kan ein booke fotografering på laurdagar?
Kvardagar kan ofte vere vanskelege
Dette gjeld kanskje spesielt familiefotografering der ein ikkje er i permisjon og har tid på dagtid. Då er kanskje helg (laurdag) einaste aktuelle tidspunkt å booke fotografering på. Eg har prøvd å halde helgane heilage og for min egen familie, men eg opplever at veldig mange ynskjer fotografering laurdag.
I 2022 held eg ope ein laurdag kvar månad
Eg kjem til å tilby ein laurdag per månad ope for booking for dei som ikkje har tid på kvardagar. Kva laurdag det blir let eg vere opp til den fyrste som ynskjer booking den månaden. Så om du kunne tenke deg å ha fotografering ein laurdag, så ikkje nøl med å ta kontakt så opnar eg opp.
Ynskjer du nyfødd- eller familiefotografering? Klikk her og skriv til meg