Kva om nokon vert sjuke på fotodagen?
Som småbarnsfar veit eg nøyaktig korleis det er
Det høyres så kjent ut. Du har avtalt frisørtime, tannlegetime, leikestund med nokon frå barnehagen, og så våknar eitt av barna med feber. Du vurderer om det held med paracet og køyre på, men noko i deg sei at dette ikkje er heilt rett og at barnet treng kvile og ro. Det er ikkje ein god situasjon å vere i, men heldigvis er det råd.
Fotograf Humberset er her for å bli
Det som er litt kjekt å tenke på (for meg i alle fall) er at eg har store planar om å bli verande med studio i Volda. Lenge. Så det er mykje viktigare for meg at mine kundar ikkje forbinder meg og mitt studio med stress enn det er å ha ordningar som depositum og avbestillingsfristar. Difor har eg lagt meg på den lista at det er heilt innafor å sende ein epost eller ei melding om at fotograferinga må utsettast. Vi tek dialogen og finn ein ny dato for nytt forsøk.
Ynskjer du å booke nyfødd- eller familiefotografering? Klikk her og skriv til meg