Naturleg nyfødd-fotografering

Nyfødd baby naturlig fotograf volda ørsta

Kvifor brukar eg ikkje rekvisittar?

For å vere heilt ærleg har det ikkje vore så lett å byrje med nyfødd-fotografering for meg. Eg hadde mange vrangforestillingar til korleis dette burde/skulle gjennomførast. Eg tenkte at nyfødd-fotografering skulle innehalde rekvisittar, spesielle kle, eigne vugger/senger, bøtter, hengekøyer osb. Dette skjønte eg fort at ikkje var heilt min stil, og styrte difor litt vekk ifrå det. Det kan bli flotte bilder med slike rekvisittar, men for meg er det aller finaste eit enkelt bilde med reine fargar i bakgrunnen som ikkje tek noko vekk frå den nyfødde.

Dette vil du oppleve hjå meg

Ved nyfødd-fotografering hjå meg vil du sjå at eg let barnet i stor grad få finne sin egen komfortable stilling. Sjølvsagt flytter vi litt rundt på barnet og hjelper til, men i mitt hovud skal stillinga barnet har vere ei naturleg stilling som det kunne funne fram til på eigen hand. Det er vanskeleg å få til dersom barnet ligg på eit trefat eller tilsvarande, og difor vel eg å ikkje inkludere dette i mitt studio. Eg har likevel stor tru på at dette vert bilder som du og din familie vil få mykje glede av i åra framover, og at det vert eit flott minne frå ei tid som aldri kjem tilbake.

Ynskjer du å booke nyfødd- eller familiefotografering? Klikk her og skriv til meg



Previous
Previous

Kva om nokon vert sjuke på fotodagen?

Next
Next

Kvifor poserer eg ikkje nyfødde?