Kvifor poserer eg ikkje nyfødde?

Noko av det som skiller meg frå andre nyfødd-fotografar er at eg poserer ikkje nyfødde i særleg grad. For meg føles det litt unaturlig ut. Misforstå meg rett, det kan bli fantastiske bilder av posering.
Men det er ikkje heilt “meg”. Eg må vere tru mot det eg likar aller best her i verda. Enkle, naturlege bilder av barn og baby der dei får vere seg sjølv. Om dei er våkne eller søv spelar liten rolle, men det er klart at sovande/våken er to forskjellige typer bilder.

Dei aller beste bilda tek eg, etter mi meining, når barnet finn seg til rette, er komfortabel og eg får god tid til å finne riktig vinkel og lyssetting. Om det er på magen, ryggen eller på sida vil variere frå baby til baby.

For meg er det viktigare at vi kan bruke teppet som mormor har strikka, eller kjolen/lua som har gått i arv i generasjoner.

Er du gravid og har termin om ikkje så altfor lenge? Kan du tenke deg naturlege, enkle, men likevel vakre bilder av den nyfødde? Ikkje nøl med å ta kontakt for å booke time



Previous
Previous

Naturleg nyfødd-fotografering

Next
Next

Bekledning familiefoto