Bekledning familiefoto
Det spørsmålet eg får oftast i høve fotografering er “kva skal vi ha på oss?”
Det er ikkje eit enkelt spørsmål å svare på, men eg skal gjere eit forsøk her. Det viktigaste av alt er at kleda ikkje tek fokuset vekk frå personen. Det skjer ofte dersom ein har for sterke fargar, for store logoar, eller for sterke mønster i kleda. Det andre momentet er at dersom ein likar godt svart/kvit-bilder, så er det veldig fint med jordtonar. I svart/kvit-bilder vil ansikt og uttrykk kome endå sterkare fram, og der er største faren mønster og logoar. I fargebilder kan det også vere kombinasjonen av fargar som tek fokuset vekk.
Men det er ein ting som trumfar det meste - dersom kleda er heimestrikka eller har affeksjonsverdi. Då er det viktigare enn tonar og fargar.
Alt i alt vil eg fyrst og fremst tipse om å ikkje stresse for mykje med valg av kle. Det kan vere lurt å ta med eit skift dersom ein har bomma skikkelig (skal godt gjerast), men det også vere lurt å ha for variasjonen sin del viss ein skal ha familiefoto, søskenportrett og enkeltportrett. Då vert det same genseren på alle tre bilda.
Om du vert usikker tenk på at følgande er bra:
jordtonar
ikkje logo
ikkje store sterke mønster
ikkje knæsjfargar
Då tenkjer eg det vert fine bilder der ansikt og uttrykk er det viktigaste.